Dansefest til folkemusikk

Dato

Tid

Varighet
Ca. 5 timer

Sted
Store Torungen

PRIS
Fra 125,- til 280,-

Arrangør
Aust-Agder ungdomslag

Kjøp billett

Aust-Agder Ungdomslag forlenger stemninga frå folkedansfestivalen NORDLEK 2024 og inviterer til dansefest. 

Det blir drivande godt dansespel av framifrå musikarar som er nokre av dei mest meritterte utøvarane me har innan norsk runddans og folkemusikk:
Inge Gjevre (Durspel), Ole Nilssen (Trekkspel), Svein Ove Brun (Gitar) og Bjarne Odde (Kontrabass).

Gruppa baserer seg på spel frå Østlandet, Hedmark og Gudbrandsdalen. Det blir òg bidrag frå lokale orkester. Det blir innslag av lett instruksjon og ein treng ikkje ha dansa mykje før. Alle er velkomne!

Alle stolar i Store Torungen ryddast vekk, ta med deg dansesko ein ven og bli med!

Frivillige under NORDLEK 2024 kjem gratis inn.

Foto: Kulturfotografen AS Thor Hauknes / Noregs Ungdomslag