
Karl Seglem // Mytevegar
Dato
Tid
Varighet
ca. 1 time (ikke pause)
Sted
Lille Torungen
PRIS
250,-
Arrangør
Austegdelaget og Folkeakademiet Arendal
KLANGPOESIMUSIKK I ANTROPOCENS TID
MYTEVEGAR (myth.path.hope)
Med utspring ein plass i det vestnorske landskapet sildrar dikta til Karl Seglem som ei lita å ut i verda. Først lydleg og musikalsk, men med gradvis større vassføring utviklar den seg til ei altoppslukande elv. Dikta i «Djup redsle. Djup ro» (Samlaget 2022) tek opp i seg personlege og globale perspektiv som er tett knytt opp til den miljøkatastrofen vi alle står i. Det er ei samling dikt som bølgjar frå rein dystopi til von og kjærleik – og tru på mennesket. Poesi som set lesaren i rørsle.
«Diktet er meir i slekt med musikken enn med orda. Og om ikkje vår fantasi får eller blir gjeve rom til å leika, har vi tapt ein av dei viktigaste livsverdiane våre, grunnane til å vera i livet så å seia. Poesien er ein stad der ein kan seia noko som ikkje kan seiast på nokon annan måte, og poesien skal snakka til kjenslene våre, ikkje til fornuften. Det er kunsten sin store styrke, at vi ikkje heilt vil kunna og heller ikkje skal forklara kvifor og korleis god kunst gjer det den gjer.» Karl Seglem
Karl Seglem vil denne kvelden presentere musikk frå verket «Mytevegar» i tett dialog – opplesing frå boka og med tonefølgje frå sin tenorsaksofon, sine bukkehorn og underlag frå både naturlyd og elektronisk lyd. Bli med på ein meditativ poesikonsert, og ei reise med eit alvorleg bakteppe som angår oss alle.
Karl Seglem (f. 1961) er musikar, komponist, plateprodusent og forfattar. Sidan musikkdebuten i 1988 har han som soloartist og med eigne grupper gitt ut 38 album. Han har i mange år arbeida med tekstar musikalsk og blant andre tonesett tekstane til Kjartan Fløgstad, Jon Fosse og Rolf Sagen.
Karl Seglem – tenorsaksofon, bukkehorn, stemme
Alf Magne Hillestad – perkusjon, elektronikk, lyd
Visuell utforming av Birk Nygaard og Inger Lise Belsvik
Foto: Oddleiv Apneseth