Som lindi bere lauv
Dato
Tid
Varighet
Ca. 1 time (ikke pause)
Sted
Lille Torungen
PRIS
360,-
Arrangør
Arendal Kulturhus
ANDERS HEFRE OG JOHANNE FLOTTORP
«Som lindi bere lauv» er henta frå ein setning i Folkestadvisa. Den visa er på mange måtar med på å definere den vokale folkemusikken frå Midt-Telemark, og var ein viktig inspirasjon då Anders Hefre og Johanne Flottorp skulle lage tingingsverket til Telemarkfestivalen i 2023.
I komponeringsarbeidet tok dei utgangspunkt i eit knippe lokale folkesongar. Dette materialet blei så bearbeidd for å lage nye songar og slåttar. Resultatet er ein konsert som går over tre satsar som tek deg med gjennom eit menneskeliv. Det startar med barnesong og leik, går vidare over til ungdomstid, til vaksenliv, bryllaup og arbeid, før det glir over i livets siste fase. Akkurat som lindi bere lauv.
Urframføringa i Bø kyrkje vakte stor begeistring og festivalsjef Kristoffer Mosfjeld meinte dette var «eit sjeldant komplett tingingsverk». Det blei tidleg klart for fleire at dette var ein konsert som hadde livets rett også utover denne kvelden. Difor blei musikken gitt ut på plate i 2025, og no skal verket spelast igjen, denne gongen i kvartettformat. Til Arendal Kulturhus kjem Hefre og Flottorp med Anne Gravir Klykken og Åsmund Solberg, som begge har vore med i prosjektet frå første øvingsdag
Anne Gravir Klykken – song
Johanne Flottorp – hardingfele, fele
Anders Hefre – treblås, trøorgel og piano
Åsmund Solberg – gitar
Foto: Ingvild Flottorp